Kven eg er 

Kreativitet har fulgt meg gjennom heile livet. 

Gjennom kamera, gjennom tekst, gjennom uttrykk. Og nå gjennom terapi. 

Mitt namn er Julie, eg er utdanna kunstnar og sosialarbeidar. Eg søkte meg mot kunst i tenåra fordi det gav meg ein måte å uttrykke meg på. Eg elska kameraet mitt, og eg elska korleis eg fann ro ved redigering og å “ytre” meg med bilete. Så eg konstruerte meg ein draum om å bli fotograf, og slik vandra eg inn i faget med høgt hode. Etterkvart oppdaga eg at den historien eg ville fortelje drukna i krav om kvalitet, tilknytting til historiske hendingar og forståing av verkets plass i verden.

Vendepunktet var då eg studerte samtidskunst og laga eit prosjekt der eg var fascinert av ulike lydar og korleis det kunne høyrest kreativt ut. Eg lagde eit interessant prosjekt, men for å gjere det kult rota eg meg bort i ein samtidsforteljing om noko heilt anna og sleit med å forklare kvifor eg hadde laga prosjektet. Eg skjønte eg ikkje orka meir. Så brant eg meg ut, og som siste instans laga eg eit 9kvm stort strikketøysprosjekt mens eg var sjukemeldt, flytta vekk så fort eg kunne og søkte meg mot meir samfunnsretta arbeid. Eg la lydopptakaren, kamera og alt anna kreativt på hylla. Bort. Vekk.

Det var først etter eg var ferdig utdanna sosialarbeidar at eg skjønte eg ikkje kunne leve utan kunsten. Som ein liten stemme inni meg, lytta eg meir til min indre kreativitet igjen. Det eg ikkje skjønte i løpet av dei fem åra eg studerte kunst, var at heile mitt livsprosjekt var der rett foran augene mine: eg ynskja helbred, betring og meditasjon.

Kunstterapi omfavnar mange verdiar for meg: kunst, tilstedeværelse, meditasjon, helbred, ritualar og tryggheit.

Hjå Insitut for kunstterapi er det eit føremonn at alle deltakarar går i eigenterapi. Det er ikkje alle praktiserande terapeuter som har sjølv vore gjennom si eiga metode. Vi er alle menneskjer, også eg har måttet sjå meg sjølv i spegelet. I spegelet har eg oppdaga mine utfordringar, men også funne mine gode eigenskåper. Mi styrke er at eg alltid søker meg mot heilhet, eg søker meg mot overblikket og samtidig søker eg mot detaljar. Eg er tolmodig, nysgjerrig og engasjert.

Om kunstterapeut Julie

I dei ti siste åra har eg jobba med det kreative og med mennesker som to separate tilnærmingar og praksisar. Utover kunstnarleg praksis har eg erfaring frå klinisk arbeid, råd og rettleiing som sosionom. Som kunstterapeut ynskjer eg å forene kreativitet og møtet med andre mennesker. 

Ta kontakt med meg om det er noko du lurar på.

Utdanning

2024-2026 Institut for kunstterapi, 3-årig kursbasert
2019-2022 Sosialt arbeid, bachelor ved Høgskulen på Vestlandet
2018-2019 Kunstakademiet, eitt år i Tromsø
2016-2018 Nordland kunst- og filmfagskole, fagutdanning 2 år
2014-2016 Oslo Fotokunstskole, fagutdanning 2 år


Eg er studentmedlem av Kunstterapiforeningen Norge og er underlagt teieplikt. Les meir her.