Tenester: Meir om kva eg tilbyr
  • 1-1-samtalar er eit tilbod for deg som ynskjer terapi personleg med terapeut. Det kan passe deg som ynskjer å bygge relasjon og trygghet i terapien. I slike timer brukar me som regel 60-90 minutter, gjerne med ein innleiande samtale, ein eller fleire kreative aktivitetar, og avsluttar med samtale. 

    For tida tilbyr eg 1-1-samtaler heime hjå meg. Eg kan også komme heim til deg. Når du kontaktar meg lagar me ein avtale etter kva som passar best.

    Fysisk: 890,- , inkl. materialer.
    Digitalt: 790,-.

  • Gruppesamtalar passar deg som ynskjer ein møteplass for kreativitet. Gruppe består av ulike mennesker med gjerne ulike behov, og det er rom for å bygge fellesskap, sjå kvarandre og kjenne oss igjen i kvarandre.

    Per no er det inga etablert gruppe, men ta kontakt dersom om du eller nokon du kjenner til ynskjer kreative gruppar. 

    Meir informasjon kjem.

  • Eg syns det er spanande med samarbeid med andre, og eg er difor open for at bedrifter eller organisasjonar tek kontakt dersom dei er nysgjerrige på kunstterapi og om dette kunne ha passa i samarbeid med deira høve. Kunstterapi kan brukast som ein måte å bli kjent, å bearbeide ulik form for tematikk på arbeidsplassen. 

    Etter avtale, ta kontakt.