Om kunstterapiKunstterapi er ein form for terapi der du får moglegheit til å uttrykke det du kjenner på gjennom kreative verktøy.
Og så få utforska det kreative i lag med ein terapeut. Les meir om kunstterapi under, eller ta kontakt.
-
Kunstterapi består av ulike terapeutiske kreative verktøy og øvingar, og vi bruker gjerne måling/tegning, leire/materialar, stemma/musikk, kropp/psykodrama o.l. Mitt utgangspunkt er at ein ikkje treng meir enn det dei aller fleste har allereie. Eit stykke papir og ein penn eller tusj kan vere nok.
-
Nokon gonger strekker ikkje orda til, men du kjenner kanskje på at noko er vondt og vanskeleg. Kanskje det er ein kjensle, ein erfaring, tanke eller fornemmelse i kroppen, men du veit ikkje heilt korleis du skal sette ord på det for deg sjølv eller for andre. Kunstterapi er ein form for terapi der du får moglegheit til å uttrykke det du kjenner på gjennom kreative verktøy. Og så få utforska det kreative i lag med ein terapeut.
-
Kunstterapi passer alle mennesker i alle aldre, det er ingen krav til etablert kreativitet eller kunstnerskap.
-
Målet med kunstterapi kan vere mange, men nokre eksemplar kan vere det å utvikla forståing for eiga liv og drøymer, å betre takle motgong, ha meir kreativitet i kvardagen og finne ein kjelde til livskraft.
-
depresjon og angst
utbrentheit og liten livsgnist
konfliktar og samlivsbrot
konfliktar mellom roller
einsomhet
livskvalitet og sjukdom
barndomsminner
skam og kjensle av skyld
-
å bearbeide minner og erfaringar
å oppleve samanheng
å finne ein måte å uttrykke deg sjølv på
å oppleve takhøgde for smerte og kjensler
å uttrykke behov, ynskjer og drøymer
å finne glede ved og tillit til det å skape
å få hjelp og støtte av en terapeut
-
Terapeutens ansvar: Eg set ikkje diagnosar og kan ikkje behandla alvorlege lidingar. I nokre tilfeller kan det vere fint å etablere eit samarbeid med andre helsetenester. Dersom du ikkje har kontakt med andre tenester og det er eit behov for det, vil eg saman med deg drøfte kva alternativ du har for å finne hjelp vidare.
Ditt ansvar: Som deltakande i terapi er det eit føremonn at du tek kontakt med legevakt eller 113 dersom du kjem i ein akutt situasjon når du ikkje er på time hjå meg.
Ved avbod: Eg ber om at du tidlegast informerar om avbod innan 24t før avtale. Dersom det skjer brot på dette fleire gonger vil eg diverre be om at du dekker kostnad for tima på lik linje som når du benytt deg av den.
Meir om kunstterapiAlle mennesker opplever, i større eller mindre grad, perioder av manglende livsgnist. Vi føler oss kanskje låst i et tankemønster, eller er engstelege for framtida. Vi har kanskje nokre erfaringer frå livet som har skapt store sår som er vanskelege å hele aleine.
Både kvardagen og verdensbildet kan oppleves kaotisk, stressande og bråkete. Kunstterapi er ein form for terapi der kreativiteten står i sentrum for å utforske ulike aspektar ved oss sjølv. Med kunst som verktøy kan vi bli kjent med underbevisstheita vår — det som er vårt indre landskap av skygger, sorg og smerte.
Med en Jungiansk forståing av mennesket, har ein kunstterapeut troen på at alle mennesker har medfødte ressursar til å finne retning og meining i våre eigne liv. Vi trur på at mennesker kan hente fram ein indre styrke gjennom å bruke kreativitet. Med kunst som verktøy kan vi gi vårt indre ein stemme, slik at vi betre kan forstå kjensler, tankar, kropp, minner og erfaringar.